Hordaland Folkeblad juni 2000

Kvam Kunstlag

Møbel for mørke gjerningar

av Åsmund Soldal

Jamvel om Willibald Storn og Allan Christensen er etablerte og skatta kunstnarar, er det pikanteriet som heftar ved dei. Fyrstnemde fordi han ein gong på talarstolen drog ner buksa. Christensen skapte for ikkje lenge sidan oppstuss med sine parrings- og omskjæringsbenker.

Begge kunstnarane stiller ut på Øystese ungdomskule mellom 30. juni og 6. august. Kvam kunstlag skal i sommar visa si komplette kunstsamling, kjøpt litt no og då opp gjennom åra. Ved tusenårsskiftet eig laget i alt om lag 70 verk. Styret meiner dette vert litt av eit høgdepunkt. Fire av dei fem innbedne utstillarane har delteke på Sommarutstillinga før. Christensen med benkene debuterer i Kvam. Og det er han som skal halda kåseri opningskvelden med tittelen Framleis kunst? Gerhard Stoltz, Arvid Pettersen og Terje Ythjall stiller ut målarstykke medan Storn sine arbeid er i akryl og litografi. Kåsøren er skulptør med allsidig fortid som både oljearbeidar og bonde. Som vanleg er mønstringa av dei fem kunstnarane også salsutstilling.

Skulptøren Christensens skulpturar kan gje frysningar. Dei ubrukelege møblane hans er som pinebenker, og er inspirert av bisarr menneskeleg aktivitet som til dømes ved slaveavlsstasjonane i USA sine sør-statar. I Øystese kan publikum sjå tre versjonar av "Vokter", den kombinerte jekselen som eigentleg er både fødestol og gilotin, den komplette metafor for menneskelivet: "På den åttende dag". Og sjølsagt er "Parringsbenk" med. Alle skulpturane er i stål eller tre. Interesserte kjøparar må ut med 58. 000 kroner for sistnemde møbel. Kunstnaren balanserer kjensler som glødande lidenskap, skaping, og nattsider som tortur og død. Han er forresten mannen bak den gigantiske rambukken som har plass i Osa.[

til utstilling
til omtaler
til toppen

 

 
 

 

[arbeider]   [essay]   [omtaler]   [utstillinger]   [performance]   [info]   [lenker]   [home]   [e-mail]

2001-2006 © Allan Christensen
WebDesign: DigiForm
e-mail